Matching family tree profiles for Knut Jetmundsson Fauske
Immediate Family
-
daughter
-
daughter
-
daughter
-
daughter
-
father
About Knut Jetmundsson Fauske
GEDCOM Note
Knut Jetmundsen f 1688 <14a. g1 ek Anne Jakobsd Liavåg 1688.1725 G2 1727 Berte Petersd Myrset f 1706. a. Eli Olsd (Anne si dotter). b. Sidsel f 1716. c. Ole Knutsen f 1718. >22 d. Guri f 1722 g Jon Ringstad. e. Anna f 1725-32.
f. 2ek. Jetmund f 1732 >16. g. Mogens/Mons f 1740 >23. h. Knut f 1849. x. Per f 1835
Knut Jetmundsen Fauske (f. ca. 1688, d. 1772) g. 1. g. m. enkje Anne Jakobsdtr. (f. Liavåg ca. 1688, d. 1725). Ho døydde i barsel. Knut vart g. 2. g. 1727 m. Berte Persdtr. Myrset (f. ca. 1706, d. 1776). Br. 1704-1758. Anne var av ei velståande handelsborgarslekt i Liavåg. Mor hennar skulle vere ætta frå futen Nils Knag. Born: Anne Jakobsdtr. hadde dottera Eli Olsdtr. i første ekteskap. Knut Jetmundsen. sine born: 1. ektesk: Ole Knutsen f. ca. 1718, gift på garden. Guri g. m. Jan Ringstad, Stranda. Oline. Sidsel, g. m. Ole Pedersen Aure. Anna, f. 1725, d. 1732. 2. ektesk.: Jetmund, f. 1732, gift på garden. Mogens (Mons), dreiv handelsverksemd, døydde i Tusvik. Knut, f. 1749, d. 1788. Skulehaldar. Knut fekk bygselbrev på heile Ytre Fauske, 2 våger fiskel., av Ole Larsen Abelset i 1704. Alt i 1709 legg han av eiden som ny , og han vert nemnd som lagrettemann framover til 1742. Truleg dreiv han bondehandel, og velstanden har vore etter måten stor. Ein del jordegods ervde han etter Ragnhild Sæmundsdtr. Aure fødd på Aurdal. Ho var truleg bestemor hans. Om denne arven kom han i 1709 i sak med lagrettemann Mogens Olsen Aure som også var ein av arvingane etter Ragnhild Sæmundsdtr. Det galdt eigedomsretten til gardane Melset og Løkedalen. Etter lang samtale og godtfolks tilskunding vart dei såleis samde . Førstekona til Knut, Anne Jacobsdtr., har også vore med og sett fot under bordet på Ytre Fauske. Skiftebuet etter henne i 1725 hadde ei netto eige på 185 rdl. Nemnt er m. a. 1 gullring, 1 sylvbeger, sylvskeier og ei sylvkjede. I 1723 gjer Knut makeskifte med Christopher Abelset, slik at Christopher får Røysen i Ulstein og 3 mællag utan bygsel i Melset og 24 rdl. i mellomlag mot at Knut får sin påboande gard Ytre Fauske med bygsel og herlegdomar til odel og eige. Dermed er Knut sjølveigar. Seinare, i 1744, får Knut utlagt 2½ mællag for 20 rdl. med bygsel i garden Løkedal. Det var farsyster hans, Mari Knutsdtr. Aure som hadde ått dette. Ho døydde som enkje 84 år gamal i 1744 på Ytre Fauske der ho hadde levt dei siste åra sine. Etter avtale med Knut i 1741 skulle han gi farsyster si stell og pleie på livstid mot ei årleg godtgjersle på 18 rdl., og sidan gravlegge henne med heider og ære. Elles er det å nemne om Knut at han i 1730 saman med eigarane og oppsitjarane til Ørsnes og Indre Fauske gjorde avtale om frivilleg skifte av skog og mark som ligg til desse tre gardane, slik at kvar fekk sine faste teigar. I skiftet etter Knut i 1772 syner buet ei brutto eige på 271 rdl. og 71 rdl. i gjeld.
Sykkylvsslekter s 5, Fauske Ytre: Knut Jetmundsen f 1688 <14a. g1 ek Anne Jakobsd Liavåg 1688. G2 1727 Berte Petersd Myrset f 1706. a. Eli Olsd (Anne si dotter med Ole Sulebust). b. Sidsel f 1716. c. Ole Knutsen f 1718. >22 d. Guri f 1722 g Jon Ringstad. e. Anna f 1725-32. f. 2ek. Jetmund f 1732 >16. g. Mogens/Mons f 1740 >23. h. Knut f 1849. x. Per f 1835
Gardsoga for Sykkylven, Band 1 s 39, 40 & 41: Jetmund Knutsen Aure (f. ca. 1646, d. 1705) g. m. Guri Paulsdtr. Fauske. Br. ca. 1680-1704.
Jetmund var lagrettemann frå 1699. I skiftet etter han i 1705 synte buet ei netto eige på 177 rdl. Der var nemnt m. a. eit sylvbelte verdsett til 14 rdl. og 2 sylvskeier verdsette til 4 rdl. Buskap: 9 kyr, 4 kviger, 2 kalvar, 1 hest, 10 geiter, 2 bukkar og 2 sauer. Vidare var det opprekna 1 kjempefæring, 1 færing, 4 torskegarn og 1 sildegarn. Buet åtte også 2 mællag jord i Strandabø, Hjørundfjord. Son til Jetmund Knut Jetmundsen Fauske (f. ca. 1688, d. 1772) g. 1. g. m. enkje Anne Jakobsdtr. (f. Liavåg ca. 1688, d. 1725). Ho døydde i barsel. Knut vart g. 2. g. 1727 m. Berte Persdtr. Myrset (f. ca. 1706, d. 1776). Br. 1704-1758. Anne var av ei velståande handelsborgarslekt i Liavåg. Mor hennar skulle vere ætta frå futen Nils Knag. Born: Anne Jakobsdtr. hadde dottera Eli Olsdtr. i første ekteskap. Knut Jetmundsen. sine born: 1. ektesk: Ole Knutsen f. ca. 1718, gift på garden. Guri g. m. Jan Ringstad, Stranda. Oline. Sidsel, g. m. Ole Pedersen Aure. Anna, f. 1725, d. 1732. 2. ektesk.: Jetmund, f. 1732, gift på garden. Mogens (Mons), dreiv handelsverksemd, døydde i Tusvik. Knut, f. 1749, d. 1788. Skulehaldar. Knut fekk bygselbrev på heile Ytre Fauske, 2 våger fiskel., av Ole Larsen Abelset i 1704. Alt i 1709 legg han av eiden som ny «danne-mand», og han vert nemnd som lagrettemann framover til 1742. Truleg dreiv han bondehandel, og velstanden har vore etter måten stor. Ein del jordegods ervde han etter Ragnhild Sæmundsdtr. Aure fødd på Aurdal. Ho var truleg bestemor hans. Om denne arven kom han i 1709 i sak med lagrettemann Mogens Olsen Aure som også var ein av arvingane etter Ragnhild Sæmundsdtr. Det galdt eigedomsretten til gardane Melset og Løkedalen. Etter lang samtale og godtfolks tilskunding vart dei såleis samde «at Mogens Aure skal eie tilforne udi de 5½ mellaug jordegods i Melset og Løkedal 11 rdl., og resten at deles i mellem dennem efter loven».
Førstekona til Knut, Anne Jacobsdtr., har også vore med og sett fot under bordet på Ytre Fauske. Skiftebuet etter henne i 1725 hadde ei netto eige på 185 rdl. Nemnt er m. a. 1 gullring, 1 sylvbeger, sylvskeier og ei sylvkjede. I 1723 gjer Knut makeskifte med Christopher Abelset, slik at Christopher får Røysen i Ulstein og 3 mællag utan bygsel i Melset og 24 rdl. i mellomlag mot at Knut får sin påboande gard Ytre Fauske med bygsel og herlegdomar til odel og eige. Dermed er Knut sjølveigar. Seinare, i 1744, får Knut utlagt 2½ mællag for 20 rdl. med bygsel i garden Løkedal. Det var farsyster hans, Mari Knutsdtr. Aure som hadde ått dette. Ho døydde som enkje 84 år gamal i 1744 på Ytre Fauske der ho hadde levt dei siste åra sine. Etter avtale med Knut i 1741 skulle han gi farsyster si stell og pleie på livstid mot ei årleg godtgjersle på 18 rdl., og sidan gravlegge henne med heider og ære. Elles er det å nemne om Knut at han i 1730 saman med eigarane og oppsitjarane til Ørsnes og Indre Fauske gjorde avtale om frivilleg skifte av skog og mark som ligg til desse tre gardane, slik at kvar fekk sine faste teigar. I skiftet etter Knut i 1772 syner buet ei brutto eige på 271 rdl. og 71 rdl. i gjeld.
Knut Jetmundsen fikk odel på garden Ytre Fauske, datert 3. april 1723. Tingbok 1721-24 for Sunnmøre sorenskriveri, rettsprotokollside fra vårtinget i Valle skipreide 13. juli 1723 på garden Honningdal: med referanse: SAT, Sunnmøre sorenskriveri, 1/1A/L0027: Tingbok 26, 1721-1724, s. 201b-202a Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/rg20090420320685
Han var lagmann i 1711 og signerte et dokument;
Rentekammeret inntil 1814, Reviderte regnskaper, Fogderegnskap, RA/EA-4092/R54/L3564: Fogderegnskap Sunnmøre, 1711, s. 59
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/rk10081307172056
Bumerker på Sunnmøre;
https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2008041804023?page=165
Knut Jetmundsson Fauske's Timeline
1688 |
1688
|
Sykkylven, Møre og Romsdal, Norway
|
|
1716 |
1716
|
Sykkylven, Møre og Romsdal, Norge (Norway)
|
|
1718 |
1718
|
Sykkylven, Møre og Romsdal
|
|
1720 |
1720
|
||
1722 |
1722
|
Sykkylven, Møre og Romsdal, Norway
|
|
1725 |
1725
|
||
1732 |
1732
|
Sykkylven, Møre og Romsdal, Norge (Norway)
|
|
1735 |
1735
|