Immediate Family
-
daughter
-
daughter
-
son
-
father
-
brother
-
stepfather
About Bård Karlshøvudsson
Et uløst problem er etterkommerne etter Brigida og Arnbjørn Endrideson, f.eks. Nicolaus Olavson og Solve Olavson som begge deltar i ulike faser av prosessen. Problematisk er også den Magnus på Tolo som etter Erling Håkonsons død i 1478 (eller like før) var sentral i rettssaken. Magnus er et mysterium, som ingen har klart å finne ut av med sikkerhet.
Det mest plagsomme problemet er vel uklarhetene knyttet til Magnhild Arnvidsdotter Norheim, og hennes ektemann Bård Karlshovedson. I mitt anetre over etterkommerne etter Peter unge på Sandvin, har jeg fulgt Eyvin Dahls (ene) teori om at Bård var sønn av Brigida Petersdatter i hennes angivelige andre ekteskap med Karlshoved Bårdson.
Dahl skriver:
Under lesningen av de brevene fra Langebeks Diplomatarium som Hamre siterer oppdager vi e rekke merkelige saker og ting, som det er eiendommelig at ikke Hamre selv har lagt merke til:
I. Sandvin 1391, 18 februar:.....Bardr Kalzhofudsson vidrgeck at han ok Biarne Hahonarson høfdu giort sattmala vm arff han ok gods sen efter var Herbiørgu Petrsdotter i han mata at Sandvin ok hat godz sem Herborg atte skylde Biarne eiga. Kendiz ok Biarne at han hafde fengit Barde jord pa sem Kaldrekrosstader eiter og har med sua marga lausa peninga, Barde vel at noygdhest.
II. Sandvin 1392 14. september 1393, 14 september:.....æin endelegen saatmala meliom Ellings hakonssonar ok kalfshofvudhs baardarsonar i vmbode fadurs sine baardar kalfshofvudzsonar. hans moder Maghnilldar som var nærvarande ok hans broders sweins sem brooto var wm arf hen er herborgh petrsdotter aatte, aat hen maatta, at Ellingr sculu eigha Iordena Sandhwin, sua mykle sem hærborgh petrsdotter atte , en bardr ok syner hans kaldastadr ok Inre Ylfwikiar, saa mykit sem Ellingr aatte. - Alt annet gods og alt løsøre etter Herborg skulle skiftes "til helminghs". Se videre resonemang hos Dahl.
En annen teori (Torleif Gjermundsen) hevder at Brigida og Arnbjørn hadde ei datter som ble gift med Arnvid i Vikøy og at Magnhild var datter av disse to.
Uansett hvilken teori som stemmer så kommer vi ned til Peter den Unge, og han er altså en av våre aner.
Velde skriver at Sigurd Guttormson d.y. var gift med ei datter (Herborg?) av Bård Karlshovedson og Magnhild Arnvidsdotter på Norheim. Bård Karlshovedson stammer trolig fra Kaupanger i Sogn. Ætta tilhørte lavadelen. Magnhild stammer fra Sandvin og Norheim. Om hennes ekteskap til Sandvin og Norheim henvises til utredningen i NST for 1950 (Hamre).
I et brev fra 1439 framgår det at fire svorne lagrettesmenn var tilstede i stuen på Norheim og hørte Andres Karlshovedson tale til sin farbror Svein Bårdson om de penger som var uskiftet etter Bård Karlshovedson og Magnhild Arnvidsdatter. Disse hadde 3 barn, sønnene Svein Bårdson, Karlshoved Bårdson (som hadde sønnen Andres) og ei datter som var gift med Sigurd Guttormson d.y. på Torsnes. At Sigurd Guttormson var gift med Bård Karlshovedson og Magnhilds datter ser vi av et diplom fra Norheim den 22. juli 1446, da 6 lagrettesmenn (DN. V, 738) kunngjør at Svein Bårdson ga Hartvig Krummedige 5½ månedsmatsbol i Espe i Ullensvang i sakøre for søstersønnen Bård Sigurdson. Denne Bård må være Bård Sigurdson på Torsnes, som nevnes i det førnevnte diplomet av 1409 om Torsnesmennene. 1)
Karlshovud, f. d. Han møtte på vegne av far sin og mor si og broren Svein ved arveskifte på Sandven etter Herborg Persdt. i 1392, og fekk då utlagt garden Kaldestad og Indre Ålvik til seg og sitt folk. I 1439 stemnde Anders, sonen, Svein Bårdson, farbroren på Norheim, for nokre arvestykke som han påstår Svein hadde stukke undan ved skiftet etter bestefaren Bård Karlshovudson og kona Magnhild Arnvidsdt.
Bård må ha vore ein gamal mann i 1392 då han sende sonen Karlshovud i sin stad på skifte etter Herborg Persdotter.
Det er ikkje lite som talar for at Bård hadde dotteri Ragna som var gift med Askjell Bjørke, Voss, og som var mor til «Rike Torstein» på Bjørke.
Sources: Galtungslekten 1974 s 12
Ættarbok for Kvam, I, 1958, s 236
Bård Karlhovudsson Nordheim-Kaldestad-Ålvik f 1330 in Kaupanger.Sogn. d 1392 in Nordheim.Kvam.Hordaland.Norway.
Sources: NST XXXI 1988 s 447: Gotskalk-namn i Mauranger sokn + Simon Ellefsens hjemmeside Gaut
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Slekts- og brukarsoge for Torsnes
Om forfedrane til den gamle Torsnesætta
l eit diplom frå 1409, presentert av Lars Hamre i ein artikkel i «Norsk Slektshistorisk Tidsskrift» i 1949, kunngjer seks lagrettemenn at folket på Torsnes har eigd ein skogteig i Knarrevik mellom Årvik og Årsand. Her vert ramsa opp slekta til Bård og Sigurd Guttormsøner i seks tidlegare generasjonar: 1. Viking, 2. Inga, dotter hans, 3. Guttorm Kalvson, son hennar, 4. Sigurd Guttormson, 5. Guttorm Sigurdson, 6. Sigurd Guttormson og 7. Bård og Sigurd Guttormsøner. Det er såleis sannsynleg at den gamle Torsnesætta kan førast tilbake til omkring 1200. Merk at generasjon nr. 1, 2, 3, 5 og (kanskje) 6 ovanfor ikkje er kjende frå andre kjelder.
Ca. 1200
Viking. Kjende born: - Inga, neste brukar.
Ca. 1240
Inga, g. m. Kalv. Kjende born: - Guttorm, neste brukar.
Ca. 1280
Guttorm Kalvson. Kjende born:
- Sigurd, neste brukar.
- Nikolas, nemnd 1311/12, g. m. Ingebjørg?
Før 1311/12-etter 1329
Sigurd Guttormson, g. m. Sigrid? (Guttormsdtr. Norheim?). Sigurd å Torsnes og broren Nikolas er nemnt i eit diplom frå 1311/12 ved ein grenseoppgang. Sigurd er seinare nemnt i 1314, 1316, 1317 og 1329, og han er nemnt mellom forfedrane til Bård Sigurdson i diplomet frå 1409. Det er ikkje visst kven som er kona hans, men ei Sigrid a Þossnesi er nemnt i eit testamente frå 1326, likeins ei Ingebjørg Nikolaskona, som kan vere svigerinna til Sigurd. Det er usikkert kor Sigrid kom frå, men fleire
slektsgranskarar meiner ho må vere dotter
til Guttorm Norheim, sidan ætta påTorsnes
seinare eigde mykje jordegods som er nemnt
i skiftet etter han i 1306. Der er nemnt ein
Sigurd, svogeren hans, som kan vere Sigurd
Guttormson. Kjende born:
Guttorm, seinare/neste brukar.
Det er også sett fram ein teori om at Brynhild Sigurdsdotter på Rogne på Voss er dotter til ovannemnde Sigurd. Ho er nemnt i diplom frå 1375 og 1380, og hadde ein brorson som heitte Sigurd Guttormson. I ein artikkel i«Ætt og heim» 1950 set Eyvin Dahl dessutan fram hypotesen om at Hallbjørn Sigurdson frå Våge på Varaldsøy (nemnt ca. 1330, 1337 og 1341) er son til Sigurd. Hallbjørn kjøpte i 1337 ein part av Rogne, garden der Brynhild budde.
1340
Viking bonde på Torsnes. Han vart det året utnemnt til biskop Håkon sin ombodsmann i Hardanger. Av namnet framgår det at han kan vere av den gamle Torsnesslekta. Kolltveit meiner han kan vere son til anten Sigurd eller Nikolas ovanfor.
Ca. 1330-60
Guttorm Sigurdson. Kjende born: - Sigurd, neste brukar.
Fyvin Dahl stiller i den før nemnde artikkelen frå 1950 spørsmål om Guttorm også har hatt to døtre, Herborg Sigurdsdotter, g. m. Einar Einarson og busett Lydvo på Voss (nemnt 1397) og Gyrid Sigurdsdotter, g. 1353 m. Bård Valtjovson, busett Ulvaldestad på Voss.
Ca. 1360-1400
Sigurd Guttormson, g. m. ? Bårdsdtr. Norheim. Det kan vere Sigurd som er nemnt i to diplom frå 1375 og 1380 (sjå om Brynhild, den moglege farsyster hans ovanfor). Kona hans var ei dotter av Bård Karlshovedson og Magnhild Arnvidsdotter frå Norheim i Kvam. Born:
Bård, neste brukar
Ein onkel med eventyrtrekk Sidan Torsnesætta fekk si grein på Island med Godskalk Nilsson, biskop
i Holar (sjå nedanfor), er slekta også omtala i den rike islandske skrifttradisjonen. I «Biskopa Sogur» er farbro
ren til Herborg og Gyrid Bårdsdøtrer omtala slik: «Deira føðurbróðir sá er glímdi við jøtuninn og hafði høfuðið
yfir D menn». Dette kan omsetjast til «Farbror deira (den) som bryta/ kjempa mot jotunen og var leiar for
500 menn.» Dette må vere Guttorm eller ein annan ukjend son til Sigurd Guttormson ovanfor.
- Guttorm, truleg nemnt i islandsk tradisjonskjelde, sjå ramme.
Før 1409-ca. 1455
Bård Sigurdson, g. m. Gyrid Torbergsdtr. frå Store Brandvik på Stord. Bård er først nemnt i det ovanfor nemnde diplom frå 1409. Året etter kjøpte han ein part i den no ukjende garden Gervingaseter i Kvam, og i 1421 vart han forlikt med Arnfinn Jonson om delinga av Kvernura og den såkalla Arnfinnsteigen i Jondal. Truleg er han også nemnt som lagrettemann i Bergen i 1425. I 1446 laut farbroren hans, Svein Bårdson på Norheim gje 5r/z månadsmatabol i sakøyre (bot) til futen i Hardanger, Hartvig Krummedike, for ei sak Bård hadde vore innblanda i. Kan hende var Bård alt då død. At Gyrid er kona hans, framgår av at ho er nemnt som eigar av Store Brandvik, og at denne garden også er reken med i skiftet på Torsnes i 1497. Gyrid er nemnt i 1403, då ho var ugift «jomfru» og 1452 og 1455 som «hustru», noko som kan tyde på at ho tilhøyrde lågadelen. Ho var truleg tippoldebarnet til Peter på Sandven, og med henne kom det mykje jordegods inn i
Bårdsdøtrene og skiftet på
Torsnes i 1497
Som før nemnt stamma Herborg og Gyrid Bårdsdøtrer truleg frå storgarden Sandven gjennom mor si, og her var det ikkje lite gods ein kunne få hand om. Det har truleg vore sterk strid om denne arven, noko som går fram av fleire dokument. Mannen til Gyrid, Orm Ivarson, tok alt i 1478 opp tingsvitne på tinget i Kinsarvik om dei siste generasjonane som hadde eigd Sandven, for å ruste Torsnesætta i denne kampen. I ein rettartingsdom frå 1494 vart dei to systrene tildømd heile arven etter Erling Håkonson, som må ha vore avliden uten livsarvingar, truleg i 1478 eller noko tidlegare.
I 1497 kom det store skiftet på Torsnes i stand. Det omfatta partar i totalt 43 gardar (i følgje Johan Galtung si tolking av brevet), dei fleste i Hardanger og Ryfylke. Av gardar i Jondal er nemnt Sætveit, Underhaug, Torsnes, Espeland og Bakke, i ei tolking også Molve. Til saman vart om lag 84 laupar smør fordelte mellom dei to systrene og arvingane deira. Underhaug og Torsnes vart delte likt mellom dei to, sistnemnde slik at Gyrid fekk den indre og Herborg dern ytre luten av garden, dessutan fekk dei kvar sin halvpart av naust, sjøbu og fjøra ikring. I ein kommentar til dette står det «alt slik det før har vore skifta», noko som kan tyde på at garden har vore driven av to brukarar frå ei tid innpå 1400-talet.
slekta. Born:
- Herborg, neste brukar.
- Gyrid, g. m. Orm Ivarson Måge, busett Lydvo på Voss.
Ca. 1455-97
Herborg Bårdsdtr., g. 1452? m. Nikolaus (Nils) Ragvaldson. Om arven etter foreldra til Herborg, sjå ramme ovanfor. Nils var truleg svensk og son åt ein handverkar i Stockholm. Han er nemnt som rådmann i Bergen i 1475. Farbror og bror hans var begge biskopar i Holar på Island, noko også son til Nils og Herborg vart. Bror til Nils, Olav, var endåtil på vitjing frå Island i 1482 (sjå meir om Nils si slekt i Marko Lamberg sin artikkel i Norsk Slektshistorisk Tidsskrift 1998, bind II). Mor til Herborg skal ha skjenka henne og mannen gardane Høynes og Dale på Karmøy i 1452. I følgje Kolltveit skal dei ha budd på Store Brandvik, morsgarden til Herborg, i 1453, men dei har truleg budd på Torsnes seinare. Kjende born:
Godskalk (?-1520), biskop i Holar på Island etter farbroren, sjå eiga ramme nedanfor.
Per (?-etter 1520), neste brukar, sjå nedanfor. Guttorm (?-ca. 1540), lagmann i Bergen frå ca. 1509 til 1539 [son hans, Nils, seinare brukar].
Etter skiftet i 1497 vart Torsnesgodset delt, og utover på 1500-talet var det fleire brukarar på garden før han vart samla att under Johannes Lauritsson Galte først på 1600-talet (sjå nedanfor).
Først om lagmann Guttorm Nilsson si etterslekt:
Før 1557-etter 1581
Nils Guttormson, son til lagmannen, brukte ein del av jorda (nemnt i skattemanntalet 1563). Han hadde ikkje arverett sidan han var uektefødd barn, og dette vart brukt i mot han i den påfølgjande striden om faren Guttorm sin del av Torsnesgodset Derimot hadde borna til Nils arverett, og i 1557 vart son hans ved ein lagtingsdom tilkjend
Sidegrein av Torsnesætta
på Island
Godskalk Nilsson frå Torsnes vart i 1495 utnemnt til biskop i Holar etter onkelen sin, men det ser ut til at han laut vente ei tid før han overtok embetet sitt. Han møtte til det omtala skiftet på Torsnes i 1497, og var kan hende forfattar av skiftebrevet. I følgje dei islandske annalar kom han til Holar først i 1500. Han fekk tilnamnet «den grimme» av di han vart rekna som pengegrisk og full av herskelyst.
Godskalk hadde to friller, og med dei fekk han tre barn, to døtrer og ein son. Den eine dottera, Kristin, vart i 15 10 gift med lagmannen Torvald Einarson og dei heldt eit bryllaup med 300 gjester. Ho skal ha levd til 1578. Sonen, Oddur, skal ha vorte fødd kring 1500. Som seksåring vart han send til Noreg til oppfostring hjå dei to onklane sine, Peder og Guttorm. I 1520 er han såleis oppført som skattytar på Torsnes. Han fekk opplæring i latin, tysk og dansk, reiste rundt i både Tyskland og Danmark, og vart ein lærd mann. Oddur reiste sidan tilbake til Island, der han tok til å oversetje det nye testamentet til islandsk. Dette vart trykt i Roskilde i 1539/40 som det første trykte bokverket på norrønt mål. Oddur vart lagmann for Nord-Island, men omkom etter at han i 1556 skulle prøve å krysse elva Lakså.
godset etter bestefaren. Striden tok likevel ikkje slutt med dette. I eit diplom frå 1589 er det nemnt at det for nokre år sidan hadde vore rettssak mellom Nils og arvingane etter onkelen hans. Nils synest å ha pantsett og mista deler av godset, og mykje av det vart innløyst av Torbjørn Olavson Sandven, mannen til søskenbarnet hans (sjå nedanfor). Nils er sist nemnt i eit diplom frå 1581. Kjende born:
ein son (Lars?). Kolltveit m. fl. går ut i frå at dette må vere Lars Nilsson (sjå nedanfor), mens Johan E. Galtung («Galtungslekten i fortid og nutid») meiner han må ha døydd tidleg og viser til ein dom i 1589 der døtrene til Nils er nemnt som dei einaste arvingane etter Guttorm Nilsson.
Barbro, neste brukar.
ei dotter til (namn ukjend), nemnt i 1578, då g. m. Olav Johannesson på Torp i Ryfylke.
Før 1590/91-etter 1602
Barbro Nilsdtr. (?-etter 1613), g. m. Jon Hogneson (?-før 1610). Giftarmålet går fram av diplomet frå 1589, og Jon er nemnt som brukar av halve Torsnes i 1590/91 og 1602. Striden om denne delen av Torsnesgodset heldt fram. I 1609 vart dommen frå 1557 omstøytt, og Barbro og arvingane hennar vart fråkjende odelsjorda si. I følgje eit forlik i 1610 skulle ho likevel ha «meir enn halvparten av godset». Saka kom til slutt opp for herredagen i Skien i 1613, utan at dette endra noko. I 1610 er Barbro omtala som umyndig (altså enkje), og i 1613 budde ho hjå svigersonen på Mundheim. Truleg har ho overdrege sin part av Torsnes til Johannes Lauritsson (sjå nedanfor) først på 1600-talet. Mundheim kan vere ein del av godset som ho beheldt, då denne garden er nemnd i skiftet på Torsnes i 1497.
Born:
Nils (nemnt i 1610).
ei dotter, g. m. Gitle Pederson (1 559-etter 1649), busett Mundheim i Strandebarm (Kvam).
1610-18
Lars Nilsson (?-1618) på Torsnes, g. m. Birgit Johannesdtr. (?-1645). Kolltveit m. fl. meiner Lars må vere son til Nils Guttormson, i motsetnad til Johan E. Galtung sitt synspunkt (sjå ovanfor). Birgit er dotter til Herborg Torbjørnsdtr. Sandven og Johannes Lauritsson, sjå nedanfor. Lars er nemnt som leiglending i 1610 og 1611, og som kyrkjeverje i Jondal for åra 1615-17. Han eigde noko jordegods; i 1614 pantsette han 2 laupar smør og i hud i Flatabø i Kvinnherad. I skiftet etter Birgit er desse borna nemnde: Kristina, g. m. Johannes Trondson Sætveit bruk 1(?-truleg 1641), busett der. Herborg, g. m. Per Larsson frå Sandven i Kvam, busett der.
Ingebjørg/Anna?, g. m. Tore Hallsteinson frå Hakestad i Ulvik.
Birgit vart g. 2. m. Nils Knutson Kandelberg
frå Ryfylke, og hadde med han sønene Laurits,
Johannes og Olav.
Ca. 1497-etter 1520
Per (Peder/Peter) Nilsson. Han er nemnd
ved rettartingsdommen i 1494 som den
« beskedelige Swen» som var ombod for og tok hand om saka for mor si og tanta si. Han er også nemnt i skattelista frå 1520, ved sida av brorsonen, seinare lagmann på Island, Odd Godskalkson (sjå ovanfor). Det var truleg Per som let oppføre eit fjøs med tjukke steinmurar som stod på garden heilt inn på 1900-talet. Ved ei vitjing på Torsnes i 1825 fann biskop Neumann ein bjelke i fjøset der årstalet 1504 var innskrive. Kona til Per er ukjend. Born:
Kjerstin, sjå nedanfor.
Kjerstin (Kristi) Persdtr., g. m. Olav (Person/ Magnusson?) på Sandven eller Steine i Kvam, busett der midt på 1500-talet. Olav Magnusson på Steine er nemnt fleire gonger i 1520-åra. Dei har eigd ein part av Torsnes som Samson Lodinson (Sundal?) var ombodsmann for. Samson ser også ut til å ha budd her. Sonen til Kjerstin og Olav: - Torbjørn, sjå nedanfor.
Før 1564-ca. 1600
Torbjørn Olavson, g. m. ?, busett Sandven i Kvam. Torbjørn er nemnt som lensmann i Øystese skipreide i 1564, og deltok på kongehyllinga i Oslo i 1591. Kolltveit går ut i frå at han har hatt leiglending sitjande på sin part av Torsnes. Born (sikre):
Herborg (?-ca. 1633), seinare brukar.
Olav (?-etter 1635), g. m. Ågot Simonsdtr. Børve.
1563
Torgils Johannesson Galte frå Valen i Kvinnherad, g. m. ? frå Ryfylke. Torgils er oppført i skattemanntalet som leiglending, men også som eigar av jord til ein verdi av minst 141aupar smør. I følgje Kolltveit eigde
og dreiv han sagbruket på Torsnes, men hogg for mykje av skogen, slik at arvingane hans laut betale erstatning til dei andre eigarane. Kjende born:
Johannes, busett på Torsnes i 1585, seinare på Aga i Ullensvang, stamfar til Aga-ætta. Åsa, g. m. Nils Haukås i Sveio.
Ca. 1585-1620
Herborg Torbjørnsdtr. Sandven (?-ca. 1633), g. ca. 1580 m. Johannes Lauritsson (ca. 1540-1620). Johannes er nemnt på Valen i Kvinnherad 1563-78 som lauskar og sagbrukar. I 1567, under sjuårskrigen (1563-70) drog han i lag med syskenbarnet sitt, Enno Brandrøk, til den svenske kongen og prøvde å få til ein oppreist i Noreg. Enno var son til adelsmannen og sjøkrigsmannen Kristoffer Trondson Rustung (ca. 1500-65) frå Seim i Kvinnherad, som hadde støtta erkebiskop Olav Engelbrektson i striden for norsk sjølvstende, men sidan gått i kong Christiern 3. si teneste og vårte admiral i den dansk-norske flåte. Enno hadde erfaring frå fleire krigar i Europa. Han vann tillit hjå svenskekongen, og Johannes vart send til Noreg med brev til norske stormenn der dei vart oppfordra til å gjere opprør mot danskane. Opprøret må seiast å ha mislukkast - Enno drog i staden til Tyskland, mens Johannes - i følgje Absolon Pederssøn - vart teken til fange og sett i tårnet på Bergenhus. Men han slapp dødsstraff ved å betale « 100 dalar for sin hals». Han har truleg sidan budd på Valen, til han gifta seg med Herborg. Ho arva saman med broren Olav Sandven mykje gods, mellom anna ein del av Torsnes. Etterkvart fekk Johannes og Olav hand om også den delen som arvingane etter Guttorm Nilsson hadde eigd (sjå ovanfor). I 1603 omfatta godset til Johannes over 24 laupar smør, mens svogeren Olav sitt var noko mindre, og dei var blant dei rikaste odelsbøndene i Hardanger og Sunnhordland. Johannes er nemnt som lagrettemann i 1590, 1599 og 1610, og var representant for Strandebarm under kongehyllinga i Oslo 1591. Innseglet hans er eit svinehovud. Born: Birgit (?-1645), g. 1. m. Lars Nilsson Torsnes, sjå ovanfor, g. 2. m. Nils Knutson Kandelberg frå Ryfylke.
Anna, g. m. Nils ?, busett Gjersvik og Østrem (Austrheim?) i Etne.
Laurits (1587-1659), neste brukar.
1620-59
Laurits Johannesson Galte (1587-1659), g.
ca. 1615 m. Elisabet Ottesdtr. Orning til Vatna og Valvatna, dotter til den danske adelsmannen og skipshøvedsmannen Otte Orning og Anna Orm. Få år etter dei vart gifte, måtte han betale ei bot på 200 riksdalar for å ha «forseet sig» med Margrete Styversdtr., tremenningen til kona. Eigentleg var straffa for dette landsforvising og inndraging av gods, men Laurits framstilte seg for kongen på Bergenhus i 1622 og vart teken i nåde. Laurits arva gods, og han fekk gods med kona si, men endå meir samla han sjølv. På denne tida var det mange småadelsmenn og odelsbønder som nøyddest å selja jordi si, og Laurits Galte var ein av dei som hadde høve til å kjøpe for rimeleg pris. Før 1636 hadde han samla under seg heile Torsnesgarden, som vart eit av dei største bruka i Hardanger, og då han døydde hadde han eit jordegods på om lag 70 laupar smør. I Jondal eigde han forutan Torsnes partar i Kysnes, Ytre Vikane, Handagard, Espeland, Flatabø, Molve, Digrebrekke, Brattabø, Guntveit, Selsvik og Samland. I 1624 eller -25 brann husa på Torsnes ned, men Laurits bygde opp att eit stort våningshus som vart ståande i 200 år. Det var i hans tid trelasthandelen med skottar og hollendarar var på det høgaste på desse kantar av landet. Laurits dreiv største sagbruket i Hardanger og Sunnhordland på Torsnes. Då svogeren, generaladmiral Eirik Otteson Orning, i 1634 vart befalingsmann over Halsnøy kloster og Hardanger len, vart Laurits fut i Hardanger. Futearbeidet synest han i stor grad å ha overtete til fullmekten sin, Knut Lauritsson, og i 1640 sa han embetet frå seg. Karen Mowatt, enkja etter Eirik, kom med skuldingar mot Laurits Galte for lovbrot i den tid han var fut. Om dette var det seinare rettssak, og Laurits vart då frifunnen. Med Karen Mowatt og hennar medarvingar låg han også i strid om arven etter mor til Elisabet. I alle jordebøker og skattelister blir han berre kalla «Lauritz Thorsnes (Thosnes)», men sjølv bruka han «Lauritz Johanssøn» eller «Lauritz Galthe» som underskrift. Våpnet hans var eit svinehovud. Då han døydde i 1659, vart kista hans sett ned i gravkjellaren under Jondalskyrkja og på namneplata skal det ha stått «Lauritz Johanssen Galthe». Born:
Laurits (ca. 1615-1661), neste eigar. Johans (før 1630-ca. 1655), fekk i 1650 stadfest adelskapet som broren, er nemnt i manntalet over adelskap i 1655, då oppført som godseigar på Jylland, men ikkje nemnt i skiftet etter faren i 1660.
Magdalena (før 1630-1681), g. ca. 1650 m. sokneprest i Strandebarm Rasmus Pedersen (ca.1625-76).
Kirsten (før 1630-?), g. før 1660 m. sokneprest i Avaldsnes Kristen Bentson Skåning.
Elisabet, g. m. sokneprest i Skånevik (seinare prost) Elias Anderssen (ca. 1615-1690). Anna (?-før 1666), g. før 1660 m. kapellan i Torvastad (seinare sokneprest) Tomas Wegner (?-ca. 1688).
Katrina Helvig (1635-1693), g. før 1660 med sokneprest i Eidfjord Anders Andersson Rieber (?-1688).
Jondal Kommune Gards og slektssoge
Gaute Losnegård
B2 s 923-28
Bård Karlshøvudsson's Timeline
1335 |
1335
|
Kaupanger, Sogndal, Sogn og Fjordane, Norge (Norway)
|
|
1345 |
1345
|
Sandven, Vikøy, Kvam , Hordaland, Norway
|
|
1355 |
1355
|
Sandven, Vikøy, Kvam , Hordaland, Norway
|
|
1369 |
1369
|
Norheim, Kvam, Hordaland, Hordaland, Norway
|
|
1392 |
1392
Age 57
|
Nordheim, Kvam, Hordaland, Norge (Norway)
|
|
1400 |
1400
|
Norheim bnr 1, Kvam, Hordaland, Norge (Norway)
|
|
???? | |||
???? |