Opphavet til Store-Rasmus

Started by Private User on Thursday, January 28, 2010
Problem with this page?

Participants:

Profiles Mentioned:

Related Projects:

Showing all 5 posts
Private User
1/28/2010 at 1:23 AM

Store-Rasmus har vært knyttet til både Ørsta og Ørskog, han eide gods begge steder. Det fins gode argumenter for at han må har vært tilknyttet Follestadætta, Rike-Torstein eller slektene i Rødven som stammer fra Kane-ætta, men linjene er uklare. Slektshistorikere kommer nok til å komme med nye teorier om Rasmus' opphav ettersom dokumenter blir studert videre.

Alle spekulasjoner og argumenter for hans slekt kan legges her.

http://no.wikipedia.org/wiki/Rasmus_Ingebrigtsson_Myklebust
----------------------
I "Haram bygdebok" av Martinus Rogne har Store-Rasmus fått eit heilt kapittel via til seg. Rogne opphøgjer han til ein folkehelt og motstandsleiar mot det utanlandske herredømet og futane sitt vanstyre i Noreg. Det som verkar klart er at Rasmus over lengre tid hadde ein feide gåande med fleire futar og høgare embetsmenn på Sunnmøre og i Bergen, frå 1630-talet og utover.
-------------------------
Atle Brunvolls oppgir bakgrunn i Ørsta og tilknytning til Follestadætta er sannsynlig. Far er i så fall Ingebrigt Thoresson Sætre.

Bjørn Jonson Dale har oppgitt en annen linje, med Ørskog som bakgrunn, far Ingebrigt Jetmundsson Lid.

--------------------------------
Bjørn Jonson Dale, Sunnmørsposten: "Opphavet til Store-Rasmus":

Me er byrge av Store-Rasmus, med rette. Denne rike og opplyste "bondeopprøraren" frå 1600-talet har, som ein av svært få sunnmøringar, fått plass i rikssoga. Då er det ikkje uventa at spørsmålet om opphav og ætt vert stilt.

Etterslekta hans er kjend. Men så mange fleire vil gjerne vere av same ætta, og granskarane har no i over hundre år gissa på kor Store-Rasmus var fødd.
Det pussige er at svaret så å seie har lege "oppe i dagen" like sidan Ivar Myklebust si bygdebok "Ørsta", den første på Sunnmøre, kom ut 1933. Den kritiske Myklebust skriv ikkje noke om Rasmus sitt opphav, berre: "Han hadde mykje skyldfolk i Ørsta" (s 123). Det vanlege på den tida var å hevde at Store-Rasmus var ørsting, anten frå Ørsta sokn eller skipreidet av same namnet (som også femnde om Vartdalsstranda).

Soga om Store-Rasmus...
Martinus Rogne (1885-1951) er vel den som har granska Store-Rasmus mest, og han oppsummerte arbeidet sitt i skriftet "Soga om Store-Rasmus og Unge-Rasmus på Myklebost" (utan årstal, men utkome 1947 eller seinare), eit retta særprent av same stykket i Rogne: "Haram bygdebok" (1947). Rogne sine tidlege arbeid om Store-Rasmus var lite gode, og han fekk stryk for dette av historikaren, professor Halvdan Koht i "Norsk Bondereising". Rogne vart flinkare etterkvart, og det er ikkje stort å utsetje på "Soga om Store-Rasmus...".

Odelsgodset
"Eiendomsretten til odelsgods var prov for slektskap," skreiv Rogne, rett nok. Men så rota han seg vekk i ei odelssak frå 1681, og enda i luftige opphavsspekulasjonar. Rogne kjende Store-Rasmus sitt odelsgods, og det er svært påfallande at han hefta seg så mykje med godset i Ørsta - i Hagen, Sætre og Mork - men derimot mest ikkje med odelsgodset i Lid, Ørskog, som utgjorde stordelen av Rasmus sitt jordegods.
Etter oppgåvene i jordeboka 1661 åtte Store-Rasmus ("och hans medconsorter", dvs medeigarar) 3/4 av den store garden Lid i Ørskog, nemleg 11 mællag 1 fjerdingslag av i alt 15 mællag. Resten var i eiga til Ørskog prestebord. Garden hadde 4 brukarar, og 3 av dei var Rasmus sine leiglendingar.

I Ørsta åtte Rasmus 6 mællag i dei tre grannegardane Hagen, Sætre og Mork, som under eitt hadde ei landskyld på 37 mællag. Resten av godset var i eiga til brukarane (14 mll), borgaren Jens Gundersen i Kjeldsund (vel 15 mll), bonden Ivar Ingebrigtson i Sandvik Ryste (3 fjerdingslag) og Ørsta kyrkje (1 mll). Store-Rasmus åtte altså berre snautt 1/6 av godset, men han må ha hatt odelsrett til alt. Dessutan svara Rasmus odelsskatt av 3½ mællag (halve garden) i Øvreli (Øvre Brandalsli) i Vanylven skipreide.

Leiglending som godseigar
Rasmus Ingebrigtson sat som leiglending på Myklebust, men åtte eit jordegods på snautt 21 mællag (vel 5 våger fiskeskyld) og hadde i vissa 5 leiglendingar som bygsla gardane sine av han (dei svara førstebygsel, tredjeårstake og årleg landskyld). Sjølv bygsla Rasmus gard av Giskegodset. Tilfellet var slett ikkje eineståande. Mange leiglendingar åtte jord. Men motsett Rasmus var det få bondejordeigarar som fekk meir enn berre landskyld; den verdfulle bygselretten var gått tapt til jordeigarar, propietærar, av borgar- og embetsstanden.

Godsstruktur
Ved første blikk er det klårt at eigarluten i Lid var "juvelen" i jordegodset til StoreRasmus. Dette var heileige til 3 bruk, medan ørstagodset berre var partar i tre gardar (rett nok med bygselrett til 1 bruk på Mork). Vanylvsgodset som han skatta av var nok stykborna hans sitt arvegods. Dreg ein inn andre kjelder går Lidgodset si særstilling endå klårare fram. Garden hadde skog og ei god sag, som Rasmus nok fekk særskild leige av, og Rasmus kan ha vore eineeigar seinast frå 1637. Og: I vissa 1635-36 dreiv Rasmus dreiv Lid sag for eiga rekning (sakefall 1636-37, lensrekneskapa for Sunnmøre). Hadde ein berre desse opplysningane, ville det likevel vere forsvarleg å hevde at Lid i Ørskog måtte vere Store-Rasmus sin fødestad. Men me veit meir.

Lidætta
I "Ørsta" la Ivar Myklebust inn eit vedlegg Kjeldeskrifter med 288 nummer (ofte fleire skrifter under kvart nummer) frå 1385 og utetter. Under nummer 98 finn me eit brev, dagsett Vågneset (i Borgund) 27. juni 1651, der ei ætt frå Lid i Ørskog med odel i Hagen, Sætre og Mork i Ørsta er opprekna. Ættfaren er kalla Ingebrigt Jetmundson Lid, far til Jetmund Ingebrigtson Braute, far til Ottar Jetmundson Braute, som 1651 vitna at faren Jetmund kring 1625 selde 1 mællag i Sætre til frenden Arne Helgeson Mork i Ørsta. Etter manntalet 1666 var Ottar Braute då 56 år gamal, dvs fødd kring 1610 (+/- 5 år). Farfaren Ingebrigt Jetmundson Lid må då vere fødd kring 1550. Fleire av ætta er nemnde: a) Eiliv Pederson Lande, son av Brite Jetmundsdotter, b) Ola Arneson Lid, son av Synneve Jetmundsdotter, og c) Ivar Ivarson Giskemo, son av Ivar Arneson Sjøholt.

Kronologiske tilhøve tilseier at Brite og Synneve Jetmundsdøtre må vere fødde midt på 1500-talet, og eigedomstilhøva viser at dei må ha vore Ingebrigt Jetmundson Lid sine søstre. Ivar Arneson Sjøholt kan ha vore bror- eller søstersonen deira.
Og Store-Rasmus?

Frå Jetmund til Rasmus
Kring 1550 budde ein Jetmund på Lid i Ørskog. Han og/eller kona hadde odel i Lid og samstundes i ein ørstagard (Sætre, dvs dei seinare gardane Sætre, Hagen og Mork). Dessutan hadde dei svært truleg odel i Lande (Øvre og Nedre med Bårdsgjerde), Sjøholt og kanskje fleire gardar med.

Godt og vel hundre år seinare åtte Rasmus Ingebrigtson Myklebust ein stor del av dette jordegodset. På Lid var han einerådande, i Ørsta berre ein av fleire eigarar. Store-Rasmus var tvillaust son av Ingebrigt Jetmundson Lid, og det er rimeleg at mor til Rasmus var den som tilførte ætta odel i ørstagardar. For der Store-Rasmus tydelegvis rådde over ein brorlut i ørskoggodset, åtte han berre ein søsterlut i ørstagodset.

Og attende - og fram
Soga om Store-Rasmus er ei soge om ein "aristokrat" i naud, men ein som stridde for å overleve i opphavsstanden sin - og jamvel lukkast. Rasmus var den siste aktive og sjølvmedvetne utløparen av det som må ha vore ei sunnmørsk stormannsætt i mellomalderen. Ulikt andre slike utløparar vart han ikkje noken "overløpar", til borgar- og embetsstanden, men heldt seg og overlevde i "bondestand".

Dette karstykket er i grunnen umåteleg stort, historisk sett - heilt eineståande. Rasmus og etterkomarane hans var og blei like rike på midlar, for ikkje å seie kunnskap, som dei leiande laga i sunnmørssamfunnet på 1700- og 1800-talet, borgar- og embetsstanden. Men Store-Rasmusætta heldt seg til og i bondestanden - sjølvsagt som dei fremste mellom likemenn - og dette er eg viss på var eit val.

Ivar Aasen gjorde sitt for å bygge bru mellom det byrge gamalnorske og det meir smålåtne "nynorske" - men han var ikkje klar over at brua sto der allereie: ætta etter Store-Rasmus hadde halde ho oppe, og opa, i 200 år."

Sunnmørsposten 14. september 1996
------------------------
I en webdebatt for slektsgranskere diskuteres den nødvendige linken mellom Store-Rasmus og ættene i Rødven:
http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listinnlegg&de...
(utdrag:)
Finn Oldervik, Aure på Nordmøre, 28.11.2006 00:53 (10)

Eg kan jo også ta med eit utdrag av eit brev datert 7. sept. 1617 (1647?). Dette brevet fortel om følgjande personar i Romsdalen som skjøtar 2 pund i Torset til Oluf Knutsson på Torset og kona hans, 'Sunduffue' Olsdotter. Dette gjeld:

1. Oluf Olufsson Skorgen på sin hustru, Ingeborg Knutsdotters vegne.

2. Steffen Lauritsson Sletfjerding på egne og hustru Anne Bottelsdotters vegne

3. Erik Lauritsson Rødven på egne og hustru Sunduffue Olsdotters vegne

4. Ingebrigt (Sivert?) Harvold på egne og hustru Ingeborg Olsdotters vegne.

5. Lasse Børgesson Herje på egne vegne, samt på vegne av:

6: Ingeborg Andersdotter på Opdøl og hendes borns vegne, samt;

7: Karen Olsdotter på Sandnes og hendes borns vegne.

8. Oluf Olufsson på Rø på egne og med sin søster;

9. Gu... (Olsdotter?) og hendes borns samtykke.

10. Christen Andersson Bergsviken på egne og med fullmakt fra:

11. Niels Andersson på Se.....

Desse skjøta altså 2 pund fiskes leie til sin kjære brodersønn, Oluf Knutsson på Torset og hans Hustru Synnøve Olsdotter, born og arvinger.

Dette skjøtet fortel eigentleg mest om slektsrelasjoner i Romsdalen og mindre om slekta på Apalset, men det kan jo vera eit samband.

Bjørn Jonson Dale nemner jo ein viss Store-Rasmus i første innlegget sitt. Eg har ein mistanke om at nokre av desse personane kan knytast nettopp til han.

John spør i innlegg nr. 8 kvar ein finn dokumentet datert Rødven. Eg meinar det er i Bergen, men hugsar ikkje sikkert.
-------------------------
Finn Oldervik, Aure på Nordmøre, 30.11.2006 01:21 (41)

Til innlegg 40, Torkild.

Eg har også grubla mykje på denne formuleringa at det står'på egne og hustrus vegne' eller liknande. Eg har kome til at det må vera ein skrivemåte. Om ekteparet hadde born saman, så vart dei vel begge ansvarlege, så lenge borna var umyndige.

Så litt om Knut på Apalset nemnd i 1580. Seinare nemner eg ei Kari på Skeide i Romsdal som enkje etter Knut Apalset. Dette treng ikkje vera rett. Kari kunne også vera svigerdotter til Knut, samtidig som ho var gift med ein annan Knut, nemleg son til den første. I ei liste over penningskatten i 1597 er det nemleg oppgjeve at det var ein Knut på Skeide og at han åtte 1 våg jordegods. Knut er også nemnd i 1606. I 1612 står Kari som bygslar av største parten i Skeide, noko ho også gjer i 1620. (Sjå Søvik, O. 1980. Bygdebok for Voll B II. Gards og ættesoge). Sidan det også er så mange andre i nærområdet som eig i Torset, finn eg det mest truleg at Knut på Skeide er son til Knut på Abelset, altså Knut Knutsen. Kva om Knut på Abelset var son til presten i Veøy, Nils Knutsen og kone Gurå Rasmusdotter (var Gurå søster til Store-Rasmus?). Knut (Nilsson?) Abelset kunne vera den einaste som levde av sin generasjon då, og slik kunne han vel verta einearving av kvinneparten ved delinga i 1580. Dette må berre takast for det det er, litt spekulasjonar ein sein nattetime. Det har jo også vert hevda at Store-Rasmus skal nedstamma frå Rike-Torstein. Så her er nok av upløygd jord å grava i.
-----------------------------
Bjørn Jonson Dale, Ponta Delgada, 8.12.2006 01:13 (79)

Med eitt dukka det opp eit strøfunn som tyder på at Ola Jonson på Apalset eller kona i vissa hadde odel til garden Ramstad, og dermed er det råd å komme eit stykke tilbake, nemlig til først på 1500-tallet.

I jordeboka til Sankt Lavranskirka i Ørskog fra 1524 heiter det at Ingebrigt Halsteinson ga 1 mællag i Ramstad til kirka (Item Engiebriith Hallsthensszøn gaff eit melelag J Ramstad Tiill Ørskog kerkije). Dette mællaget er nemnt i innlegg 19. Gava var gitt seinast 1524, men kanskje heller nokre år før, og vi kan tenke oss at Ingebrigt Halsteinson var fødd kring 1490.

Ingebrigt Halsteinson sin bustad er ikkje kjent, men han var svært trulig far til den eldgamle Halstein Ingebrigtson Ramstad som tok seg sjølv av dage i 1613 eller 1614. Halstein sitt jordegods blei då kverrsett av krona, m.a 3 mællag i Ramstad, som enka og, seinare sonen og sonesønene prøvde å løyse inn. Dei lånte då pengar av andre med odel i godset, Amund (Sjurson) Ringstad og Ola Apalset.

Ingebrigt Halsteinson kan, understrekar: kan, ha eigd heile Ramstad og kanske mykje av jorda i Ramstaddalen aleine, men visst er det ikkje, for hustru Gyri Jens- eller Jonsdatter eigde trulig 5 mællag av Ramstad seinast kring 1550.

Ingebrigt Halsteinson, nemnt 1524, hadde etter alt å dømme også ei datter, Marte Ingebrigtsdatter, som eigde i fleire gardar i Ramstaddalen. Marte var gift med ein Jetmund, og dei hadde to døtre og sonen Ingebrigt Jetmundson, som må ha vore far til Ramus Ingebrigtson, Store-Rasmus, på Myklebust på Harøya. Store-Rasmus og slektningane hans eigde den store garden Lid i Ørskog, nabogarden til Sjøholt, og, ikkje minst, Sjøholtstrand, som var Ola Jonson på Apalset eller kona sin odel.

For å finne ein sams ættfar til det vi kan kalle Ramstadgodset må vi trulig gå tilbake til andre halvdelen av 1400-tallet og ein Halstein (og kona) som levde då. Denne Halstein fanst, og han kan vere nemnt i ein ættlegg for den såkalte Follestadætta fra Ørsta. Dette vil eg komme tilbake til.
--------------------

Private User
4/8/2010 at 4:54 AM

To mulige opphav har vært postulert for ”Store-Rasmus” på Myklebust:

1) Martinus Rogne mente for omtrent en mannsalder siden at Ingebrigt Sætre i Ørsta kunne ha vært far til Rasmus Myklebust, og denne teorien baserte han på det faktum at Store-Rasmus hadde en del eiendom i Ørsta-gardene Sætre, Hagen og Mork.

2) Bjørn Jonson Dale framsatte i 1996 sin teori om at Rasmus Myklebust var fra Lid i Ørskog (Garden Lid i Ørskog ligger et lite stykke ovenfor Sjøholt, omtrent der veien i dag tar av til Giskemo), og han begrunner denne teorien blant annet med at Store-Rasmus hadde større eiendom i Ørskog enn i Ørsta, dessuten at også Jetmund Lid, som i så fall må ha vært farfar til Store-Rasmus; også hadde eiendom i Ørsta-gardene Sætre, Hagen og Mork.

Jeg overlater til hver enkelt selv å lese og ta stilling til argumentene, men Bjørn Jonson Dale argumenterer utvilsomt godt, og jeg er ikke i tvil om hvilken av de to teoriene jeg selv tror på.

http://assets3.geni.com/media/p9/8362/3742/53444837e073f9a8/Opphave...

Når jeg første gang la inn mine greiner av Store-Rasmus-slekta, la jeg Store-Rasmus inn som sønn av Ingebrigt Jetmundsson Lid og sønnesønn av Jetmund Ingebrigtsen Lid, og jeg la til og med inn et par tanter og søskenbarn av Store-Rasmus, alt basert på Dales innlegg i Sunnmørsposten i 1996, se linken ovenfor. Dette så greit og fint ut, helt til ”min” Store-Rasmus ble ”merget” med en som lå der fra før, og som nå er ”hoved-profilen” som ganske mange av oss administrerer sammen. Da dukket det med en gang opp stygge gule trekanter med ”parent conflict” og ”Rasmus is present in multiple trees” og så videre. For å få bukt med dette rotet, slettet jeg de forfedrene jeg hadde lagt inn, utfra tanken om at jeg i et slektstre av denne typen ikke har noe problem med å akseptere at feil far står oppført, så lenge det også er tydelig gjort rede for alternative teorier om opphavet inne i vedkommendes profil, og i omtalen av han eller henne. Siden den gang har imidlertid flere geni-brukere kommet til, og Lid/Ørskog-alternativet er på nytt kommet inn. Dermed har Store-Rasmus på nytt fått to alternative opphav som er i konflikt med hverandre, og hvis vi ikke holder tunga beint i munnen så ender vi opp med å ”merge” Ingebrigt Sætre med Ingebrigt Lid; hvilket garantert bare blir rot for disse to er ikke samme person!

Så, for nok en gang å få bukt med de stygge gule trekantene, foreslår jeg at vi går får ett av følgende to alternativ:

1) Vi forkaster helt og holdent teorien om Ingebrigt Sætre som far til Store-Rasmus. Dette slektsbåndet brytes (”the relationship is broken” som det heter på geni-språket), og vi oppretter i stedet forbindelse bakover via Ingebrigt Jetmundsen og Jetmund Lid m/ hustru Marte Ingebrigtsdatter Ramstad og så videre… Personlig mener jeg at vi har grunnlag nok for å gjøre dette, men jeg innser for det første at det kanskje ikke er flertall for dette, og for det andre så har jeg jo en viss respekt for at andre kom meg litt i forkjøpet og la Store-Rasmus inn i geni før jeg kom så langt. Regner derfor med at vi må vente på mer entydig dokumentasjon før ”tiden er moden” for dette…

2) Jeg går derfor inn for at vi bryter forbindelsen mellom Store-Rasmus og Lid-slekta på Sjøholt/Ørskog; ikke fordi jeg tror denne forbindelsen er feil (jeg tror den er riktig!), men rett og slett for å få ryddet opp i linjene. (Hvis noen av dere skulle tvile på at gule trekanter og ”halvmergede” relasjoner kan bidra til å forårsake mye kluss når ”mergingene” bare blir mange nok, så ta en titt på de gamle norske kongsrekkene!) Til gjengjeld synes jeg at den alternative rekka videre bakover skal synliggjøres enda mer i profilen til Rasmus, samt at det både under ”about” og under ”birth” (timeline/event) skal ligge en link til ”alternativ far”. Private User har fra før lagt inn masse informasjon om disse tingene både under ”about Rasmus” og under ”Diskusjoner”. Når vi nå i tillegg legger ut informasjon og linker på de stedene jeg foreslår, blir det nesten umulig ikke å få øye på dette, uansett hvor i profilen til Store-Rasmus man går inn.

Mitt forslag er altså at vi prøver ut dette for å se hvordan det fungerer. Jeg har lagt inn i geni rekka bakover fra Ingebrigt Jetmundsen til Ingebrigt på Vartdal, og noen profiler som fantes fra før, har jeg ”merget” inn. Jeg har samtidig brutt forbindelsen mellom Store-Rasmus og Ingebrigt Jetmundsen Lid. Videre har jeg lagt inn pdf-filer med ”alternativ stamtavle” for Store-Rasmus, én pdf-fil hvor jeg oppsummerer de opplysningene vi har om denne Lid-slekta og forbindelsen videre bakover til Ramstad-dalen og til Ingebrigt på Vartdal; og til sist tre pdf-filer med en del av det Bjørn Jonson Dale har skrevet om opphavet til Store-Rasmus. Spesielt moro hadde jeg kanskje av å lage den figuren der Store-Rasmus ender opp som 5-menningen til Ingebrigt Sætre, og ikke som sønnen hans…

Dersom dere klikker på ”timeline”, vil dere med en gang får opp ”alternative father…” under ”birth of Rasmus” med de nødvendige linkene til Ingebrigt, Jetmund og Marte; og man vil kunne følge slektstreet videre bakover derfra. Om dere deretter åpner dette ”eventet” ved å klikke på ”birth of Rasmus”, så kommer blant annet de aktuelle pdf-filene frem, i tillegg til at de også er tilgjengelige under ”overwiew”.

Til slutt foreslår jeg at etternavnet "Sætre" slettes fra profilen til Store-Rasmus. Det får holde at "faren" heter Ingebrigt Thoresen Sætre. Store-Rasmus står så vidt jeg ved ikke omtalt med etternavnet Sætre i noen av de kildene som finnes.

Private User
10/9/2010 at 8:03 AM

Vi har ingen ideell løsning på denne saken ennå - flott om flere av dere har innspill.

6/27/2012 at 6:06 AM

Hei!

Lurte på hvordan ingebrigt på Sætre i Ørsta har fått farsnavnet Thoresson. Er enig i at Ingebrigt mest sannsynlig er sønn av Jetmund Ingebrigtsen på Lid. Det eksisterte en Ingebrigt på Sætre, men han er ikke nevnt med farsnavn. Hvis Store-Rasmus skal kobles alternativt til Sætre burde de to som er nevnt som Ingebrigt Sætre være de samme.. Men har noen kilder for at denne Ingebrigt var sønn av Thore Ingebrigtsson fra Søre-Vartdal? Bjørn Jonson Dales kartlegging av dette mener jeg er det mest sannsynlige..

Private User
9/12/2012 at 3:20 AM

Norgesprosjektet DNA har fått testet to menn som er etterkommere av henholdsvis:
* Gunder Rasmusson Myklebust
* Ingebrigt Rasmusson Myklebust
http://www.familytreedna.com/public/Norway/default.aspx?section=yre...
Se kategorien I1 - Z73+

De har identisk Y-DNA test (med 12 markører) og linjene bakover til Unge-Rasmus anses dermed som sterkt sannsynliggjort.

Om det er mulig å spore opp flere etterkommere i RETT MANNSLINJE er det supert om disse blir testet:
* Store-Rasmus (Ingebrigtsson)
* Unge-Rasmus (Rasmusson, flere av sønnene og sønnenes linjer)
* Ingebrigt på Sætre
* Ingebrigt Jetmundsson Lid

Om det var mulig å finne etterkommere etter de to Ingebrigt-kandidatene UTENOM Rasmus-linjene, ville vi få svar på hvilken som er rett far.

Showing all 5 posts

Create a free account or login to participate in this discussion