Vartdalssoga og Sula-soga ser ut til å vere ueinige når det gjeld sonen Ole, og før eg slår saman desse, så ber eg om hjelp frå folk som les skifta bedre enn meg.
Vartdalssoga seier at Ole pakta på Flåskjær på Vartdalsstranda først, for seinare å ta over på Buset på Vartdal. Han var først gift med Kari Åmundsdotter Brunstad og seinare Guri Olsdotter Hundeidvik. Ser ein på årstala, så fekk han born kun med Guri.
Sula-soga meinar at dette er to ulike Ole, og at dei var gift med kvar si kone. Her meinar Sulasoga at den yngre Ole budde på Bigset i Hareid, dette er sannsynlegvis ei feillesing av Buset.
Vartdalssoga: https://www.nb.no/items/2677e6ec3a91996c3e442b18599a96e3?page=585&a...
Sulasoga: https://www.nb.no/items/8b3a817f27f8ca07d4064c19d293572b?page=145&a...
Alderen på Ole har me då ikkje noko sikkert årstal på.
Dette er den Ole profilen eg oppretta med Vartdalssoga som kjelde: Ole Larsson Eikrem